Stilling ledig
Ønskjer du å arbeide med praktiske fingerferdighetar, kombinert med menneske og helse? Vi treng fleire hender til vårt team på Kjeveortopeden.
Vi søkjer ein arbeidsom og positiv person som liker til å ta ansvar og meistrer å arbeide både sjølvstendig og i team. Stillinga byr på varierte utfordinger, du vil delta i pasientbehandling, utføre labarbeid samt gjere noko administrativt arbeide. Erfaring frå tannhelsearbeid er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav. Det leggast stor vekt på personlege eigenskapar og korleis du passar inn i teamet vårt.
Kvalifikasjonar:
-god datakunnskap
-gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
-sjølvstendig, men samtidig like å jobbe i team
Personlege eigenskapar:
-fleksibel og løysningsorientert
-stor arbeidskapasitet og trivast med å jobbe under høgt tempo
-vise ansvar, vere påliteleg og initiativrik
-trivst å jobbe med menneske og bidra positivt i arbeidsmiljøet
Vi tilbyr gode arbeidsvilkår og travle dagar med varierte og spennande oppgåver.
Opplæring blir gitt ved tiltreding i stillinga.
Stillinga er eit 1 års vikariat i 100 % med moglegheit for fast stilling for den rette kandidaten. Søknad sendast til ingri@kjeveortopeden.no. Ved spørsmål, ta kontakt med Marit Gjethammer, 412 35 937 eller Ingri Beddari, 410 24 082. Søknadsfrist 08.april 2024.