Ingri Beddari
Kjeveortoped
Ingri har tannlegeutdanning frå Universitetet i Bergen frå 2001-2006 og 3-årig spesialistutdanning same stad frå 2010-2013. Allmenntannlege ved Eid tannklinikk frå 2006-2010. Instruktørtannlege ved avdeling for kjeveortopedi ved Universitetet i Bergen frå 2011-2013.
Ingri har jobba på klinikken sidan august 2013. Frå 2016 har ho drive spesialistpraksisen i lag med kjeveortoped Marit Ramsli Gjethammer.
Marit Ramsli Gjethammer
Kjeveortoped
Marit har tannlegeutdanning frå Universitetet i Bergen (UiB) frå 2000-2005 og 3-årig spesialistutdanning same stad frå 2007 - 2010. Allmenntannlege i Stavanger 2005-2006 og i Voss 2006-2007. Instruktørtannlege ved avdeling for pedodonti (barnetannpleie) ved Det odontologiske fakultet ved UiB 2006-2007, og instruktørtannlege ved avdeling for kjeveortopedi ved UiB 2008-2010.
Marit har jobba på klinikken sidan januar 2011. Frå 2016 har ho drive spesialistpraksisen i lag med Kjeveortoped Ingri Beddari.
Janne Nedrelid Muren
Administrasjonssekretær
Janne har økonomisk-administrativ utdanning frå BI og Høgskulen i Volda, og hadde fleire kontorjobbar før ho tok til hos oss i 2000. Ho har ansvaret for resepsjonen og administrasjonen av kontoret.
Heidi Lillebø
Klinikkassistent
Heidi er utdanna tannhelsesekretær i Ålesund 1987. Ho jobba i fleire private tannklinikkar før ho begynte hos oss i 1990. Ho tar del i pasientbehandling og har ansvaret for vårt tanntekniske laboratorium og framstilling av tanntekniske arbeid.
Oddny Elin Baarholm
Klinikkassistent
Oddny har kontorutdanning, utdanning frå Datahøgskolen og veilederutdanning frå Diakonissehjemmets Høyskole i Bergen. Ho tok til hos oss 1998 og deltar både i pasientbehandlinga og administrasjonen.
Camilla Malèn Sætre
Klinikkassistent
Camilla er utdanna tannhelsesekretær ved Berufsbildende Schulen III Lüneburg i 2002 og tok tannpleiarutdanning ved Zahnärztekammer Niedersachsen i 2011. Ho har tidlegare jobba ved Daaeskogen tannlegesenter som tannhelsesekretær/tannpleiar og starta å arbeide hos oss i august 2016. Ho deltar i pasientbehandlinga på klinikken.
Benedikte Furnes
Klinikkassistent
Benedikte er har bakgrunn frå sjukepleie og ernæringsrådgjeving og tok til hos oss i 2018. Ho deltar i pasientbehandlinga på klinikken.
Ingrid Marie Strand
Klinikkassistent
Ingrid Marie er utdanna hudpleiar og har også lang erfaring frå servicebransjen. Ho deltar i pasientbehandlinga på klinikken.